Sunday, July 11, 2010

Yes, I am Norwegian

And therefore, this post has to be in Norwegian. Don´t worry though, it will be picture heavy, so enjoy the scenery, or ask google translate for help. 

I helga har heile familien Ferstad vore på hyttetur. Destinasjonen var Geilo med fjell og vidde, og torsdag satte første gruppe seg i bilen og kjørte innover i landet. Høgdepunktet på bilturen stakk seg tydeleg fram, sjølv om det var mykje fint landskap og sjarmerande bygder som Norheimsund og Øystese. Fergeturar er og alltid kjekt, med litt frisbee-leiking medan ein ventar på at ferga skal kome. Men Vøringsfossen kom på desidert førsteplass. Eg trur ikkje eg har høgdeskrekk, men eg må innrømme at tre hundre meter fritt fall gjorde meg ein smule svimmel. Om du ikkje har vore der før kan det anbefalast på det varmaste. Slik såg Ferstadjentene og fossen ut med mitt kamera: 

Fin utsikt

Fine Ferstadjenter


Fossen!
Så skein kveldssola i Måbødalen

Og sjølvsagt gjekk vi på tur i den norske fjellheimen. Vi snørte vår sekk og sang fleire tursangar medan vi gjekk på stien. Det var mykje fin natur å sjå. Mari tykkjer skogstjerna er den finaste skogsblomen, blant anna fordi den er så enkel og rein og at fargen på stilken er fin. Denne dagen såg vi sikkert tusenvis av skogstjerner, og er einig. Men turen var litt for lang, iallefall for meg. Vi skulle frå Hakkesetstølen til Tuva, men kom berre til Tindevatnet. Dei sprekaste kom seg til toppen av Ustetind, vi andre blei igjen  og tok ansvar for provianten.

Eg tok ikkje bilete av skogstjernene,  i staden har eg eit av Mari og ein stein som smila så fint til oss:



Nordmenn er kanskje ikkje riktige kloke... Vi skulle ut på tur kvar dag, sjølv om det striregna, slik det gjorde i dag. Det er godt med frisk luft og naturen er flott, men etter ein time i regnver med heller dårleg regnkle var vi metta på naturoppleving for dinne gong. Då er det godt å kunne gå heim til hytta og ete litt. Eg er glad dette ikkje var ein telttur. Mari har store planar om fleire veker i dei skotske fjella neste somar, og spurte om eg ville vere med. Eg trur eg må tenke litt på det.


Her på Hardangervidda har desse anorakkane vore før. 

Ragnhild har på seg:
Anorakk (vintage, ca 1980, etter han far)
Solbriller (2nd hand, Orange City)
Hue (Noa Noa)

Mari har på seg:
Anorakk (vintage, ca 1980, etter ho mor)
Skjerf frå Europa (ho påstår det kan brukast til alt og passar til alt)

Bak oss ser vi Prestholtskarvet. Det ser kanskje ikkje bratt ut, men vi måtte klatre siste biten, og på veg ned fann vi ikkje stien med det same og laga nokre veldig små steinskred. Det gjekk bra, men nærare ein Himalayaekspedisjon er det lenge til vi kjem til. 

Nasjonalpark: litt mitt og litt ditt

Kjempebratt ned Prestholtskarvet

Månelandskap med snø

Men eg kan godt like å ligge i graset på vidda og tygge på eit strå og. Noreg er eit fint land.

No er det leggetid, for i morgon skal søstrene arrangere garasjesalg!
(PS. Dette vart blogga under VM-finalen.) 


No comments:

Post a Comment

Thank you for leaving a note:

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...